Hjem Artikler Nyhetskategorier December 15 2017 00:23:25
Navigasjon
Hjem
Artikler
Nyhetskategorier
Kontakt oss
Søk
Artikler
Siste artikler
En «vakker syrisk da...
21. mars begynner de...
Dere er ikke glemt, ...
Taliban har henrette...
Taliban skar øyra av...
Taliban skar øyra av lærar
Taliban har straffa ein lærar i Afghanistan med å skjere øyra av han. Straffa kom for at han underviste på ein skule.Læraren fekk øyra avskorne medan han deltok i kveldsbøn saman med andre bygdefolk i ein moské i Ghanzi, ein provins sør for den afghanske hovudstaden Kabul. Det britiske kringkastingsselskapet BBC melde om ugjerninga laurdag 13. september.
Læraren underviser på ein skule der gutar  er elevar. Taliban meiner det er straffbart å vere lærar, og eit ekstra stort brotsverk er det etter deira syn å undervise jenter
Slike overgrep mot uskuldige personar er blitt vanleg i område der Taliban styrer.
Drep sivile
Sjølvmords- og bombeaksjonar mot dei internasjonale styrkane i sørlege og søraustlege Afghanistan er blitt stadig meir vanleg, og det skjer dagleg. Kidnapping, smugling, røving og drap på uskuldige menneske skjer i stadig større omfang.
Taliban angrip lastebilar og andre køyrety som fraktar mat, brensel og militærutstyr til afghanske og internasjonale styrkar. I angrepa blir hundretals sivile drepne.
Dei verste angrepa skjer langs hovudvegen som knyter Kabul til provinsane Kandahar, Ghanzi og ilmand.
Barbarisk
Straffemetodar som å kutte av øyre, hand og fot er ikkje spesielt for Taliban. Det same gjorde også Mujahedin - "Heilag krig".
På 1990-talet, då Mujahedin-grupper kriga mot kvarandre, utførte dei endå verre handlingar for å straffe motstandarar. Til dømes slo dei spiker inn i hovudet på fangar, dei skar brysta av kvinner og gjorde bruk av mange andre barbariske straffemetodar.
Ikkje skilnad
"Brotsverka" som skulle straffast med slik tortur hadde oftast sin bakgrunn i motsetnader mellom ættegrupper, eller det kunne ha å gjere med strid mellom språkgrupper.
Med andre ord er det ikkje skilnad mellom terrormetodane Taliban nyttar i dag, og den maktbruken Mujahedin nytta seg av tidlegare.
Rozgar- BBC
Annonse